Klubbleiarar i Fellesforbundet ut mot Aps partisekretær

To Ap-klubbleiarar i Fellesforbundet reagerer på at partisekretær Kjersti Stenseng ikkje vil bruke ordet «krise» om situasjonen Arbeidarpartiet er i.
innenriks

– Stenseng må finne seg nye briller viss ho ikkje ser at det no er ei krise for Arbeidarpartiet. Det er på tide at partisekretæren tek ansvar, seier Amram Hadida, klubbleiar for Fellesforbundet ved Kværner Stord og mangeårig Ap-medlem, til Dagens Næringsliv.

– Vi må ta innover oss at det verkeleg er ei krise i partiet når målingane bikkar under 20 prosent, seier Hadida.

To målingar den siste veka sender Ap under 20 prosent. I ein kommentar til målinga i Klassekampen laurdag, der Ap fekk 17,5 prosent, avviste Stenseng at det var ei krise for partiet. I ei måling publisert i Dagsavisen torsdag får Ap ei oppslutning på 19 prosent.

Også Svein Erik Veie, klubbleiar for Fellesforbundet ved Norske Skog i Skogn, går ut mot partisekretæren.

– Tidlegare hadde vi markante partisekretærar som Haakon Lie, Martin Kolberg og Raymond Johansen. Kven er det som veit kven Kjersti Stenseng er? spør Veie.

Stenseng seier ho forstår reaksjonen, men vil ikkje bruke ordet krise.

– Når eg ikkje bruker ordet krise, er det ein enkel grunn til det. Vi hadde hatt ei krise om vi ikkje hadde ein sterk politikk som vil løfte folks kvardag og ein organisasjon som kan gjere ord til handling. Det har vi, seier Stenseng.

(©NPK)