Sp-kommunar krev inn mest eigedomsskatt

Kommunar med Sp-ordførar tek inn mest eigedomsskatt i Noreg. Høgre og Senterpartiet er rykande usamde om kva det kjem av.
innenriks

– Det overraskar meg veldig at Senterpartiet står heilt på pallen over å skattleggje bustadene til vanlege folk, seier distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) til NTB.

Ho meiner Senterpartiet no konkurrerer med «dei mest eldraude partia på venstresida» om å krevje inn mest skatt frå vanlege folk.

Bakteppet er tal som viser at eigedomsskatten no er høgast i kommunar som har ordførar frå Senterpartiet.

– Det er kanskje ikkje så rart når du ser kva Senterpartiet no lovar før valet. Det kjem valløfte på løpande band kvar einaste dag, nærast. Og det skal noko til for å finansiere det, seier Helleland.

Ho fryktar at skattetrykket vil auke endå meir viss Sp og Ap kjem til makta.

Partiforskjellar

Oversikta står Høgres eige rådgivarkorps står bak. Dei har sett nærare på tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som viser kor mykje kvar kommune tok inn i eigedomsskatt i 2020 for ein einebustad på 120 kvadratmeter. Så har dei trekt fram kalkulatoren og sjekka tala opp mot ordførarpartiet i kommunane.

Då kjem store partiforskjellar fram:

* Kommunar med ordførar frå Senterpartiet krev i snitt 3.887 kroner i eigedomsskatt på ein einebustad på 120 kvadratmeter, ifølgje Høgres tal. Dei Senterparti-styrte kommunane krev dermed inn mest eigedomsskatt.

* Kommunar med ordførar frå Arbeidarpartiet krev inn 3.158 kroner i snitt.

* I kommunar med Høgre-ordførar blir det kravd inn 2.233 kroner i snitt.

Skulder på Høgre

Sps kommunalpolitisk talsperson Heidi Greni meiner Høgre skyt seg sjølv i foten med angrepet.

– Det vi ser, er effekten av Høgres kommuneøkonomi, seier ho.

Ifølgje Greni har regjeringa kutta så mykje i overføringane til kommunane at eigedomsskatt for mange har vorte heilt nødvendig for at dei skal sleppe å leggje ned skular og kutte i eldreomsorg.

– Dette er noko kommunar styrt av både Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet må gjere for å få reknestykket til å gå opp.

Skatterekord

Arbeidarpartiets finanspolitiske talsperson Eigil Knutsen er av same oppfatning.

– Desse tala viser tydeleg at Høgre i regjering sveltefôrar norske kommunar, seier han.

– Med stadig fleire oppgåver for kommunane og ei regjering som prioriterer skattekutt til dei rikaste framfor velferd i kommunane, blir resultatet at fleire kommunar av ulik politisk farge ser seg nøydde til å ty til eigedomsskatt.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det i 2019 vart betalt inn 14,7 milliardar kroner i eigedomsskatt. Det er ein auke på 66 prosent sidan dei borgarlege partia kom til makta i 2013.

Det er òg fleire Høgre-kommunar som krev inn eigedomsskatt, påpeikar Knutsen.

– Sjølv bur eg i Bergen, og der var det Høgre-byrådet som i 2015 innførte eigedomsskatt etter at dei hadde late skulebygga i byen forfalle så lenge at lufta elevar og lærarar pusta i, var helsefarleg, seier han.

Vanskeleg å bli kvitt

Det var 14 Høgre-kommunar som tok inn eigedomsskatt i 2019.

Helleland seier Høgre sentralt ser på eigedomsskatt som ein unødvendig tilleggsskatt ein bør unngå. Men det er opp til kommunepolitikarane sjølv å avgjere.

– Og når eigedomsskatt først er innført, er det uhyre vanskeleg å bli kvitt han.

Faren er at eigedomsskatten blir ei sovepute, åtvarar distriktsministeren.

– Eg trur ein med god økonomisk styring kan gi like gode velferdstenester, seier ho.

Fakta om kommunane med høgast eigedomsskatt

Dei ti kommunane som tok inn mest eigedomsskatt i 2020 for ein einebustad på 120 kvadratmeter:

* Rakkestad: 7.980 kroner (ordførar: Senterpartiet)

* Vadsø: 7.700 kroner (ordførar: Arbeidarpartiet)

* Alstahaug: 7.525 kroner (ordførar: Senterpartiet)

* Skaun: 7.420 kroner (ordførar: Senterpartiet)

* Elverum: 7.210 kroner (ordførar: Arbeidarpartiet)

* Vaksdal: 7.078 kroner (ordførar: Senterpartiet)

* Marker: 7.000 kroner (ordførar: Senterpartiet)

* Vestre Toten: 7.000 kroner (ordførar: Arbeidarpartiet)

* Averøy: 6.720 kroner (ordførar: Arbeidarpartiet)

* Våler (Østfold): 6.641 kroner (ordførar: Senterpartiet)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

(©NPK)