12 nye smitta i Drammen

12 personar i Drammen kommune har fått påvist koronasmitte det siste døgnet. Ingen av dei nye smitta har ukjend smitteveg.
innenriks

Alle 12 er nærkontaktar av tidlegare påviste tilfelle, melder Drammen kommune på nettsidene sine.

– Dei siste 14 dagane har vi fått påvist 200 nye tilfelle, og dette er eit snitt på i overkant av 14 tilfelle per dag. Vi skulle gjerne komme oss stabilt under ti nye tilfelle per dag for å sjå konturane av eit lågare smittetrykk, seier kommuneoverlege John David Johannessen.

Han seier at det er positivt at ingen av dei nye smitta har ukjend smitteveg, noko som bidreg til å halde oversikt over korleis smitten spreier seg i lokalsamfunnet.

Sidan pandemien starta har 2.307 personar i Drammen fått påvist koronasmitte. 45 personar har gått bort etter å ha fått påvist smitte.

(©NPK)