Alle fem er smitta av nærkontaktar, opplyser Stavanger kommune.
Ein av dei fem er eit barn under 10 år.
Fem nye smitta er fem færre enn dagen før og åtte færre enn snittet den siste veka. Det er òg 17 færre enn snittet for dei siste 14 vekene.
I Stavanger er 456 personar smitta av viruset så langt i år.
(©NPK)