Ny nedtur på Oslo Børs fredag

Oslo Børs starta fredagen i raudt og slik heldt det fram. Hovudindeksen fall til slutt med 0,73 prosent til 994,21 poeng og kom dermed under tusen poeng igjen.
innenriks

Etter å ha avslutta tre dagar på rad over tusen poeng, gjekk altså hovudindeksen ned på eit tresifra tal igjen på den siste handledagen i veka. Men totalt har indeksen vakse med knappe seks poeng frå førre fredag.

Vinnaren på hovudindeksen fredag vart PCI Biotech Holding, som steig med 11,1 prosent, følgt av Gjensidige, som steig meir moderat med 4,4 prosent. Norwegian-aksjen steig med 1,5 prosent.

Den soleklare taparen fredag vart TGS-Nopec som fall med 15,6 prosent, følgt av PGS som fall med 7 prosent.

Mest omsett på den siste handledagen i veka var Nel, som også gjekk fram med 2,8 prosent. Det vanlege børslokomotivet Equinor leid av ein fallande oljepris og vart forbigått av Nel. Equinor fall med 1,6 prosent.

Blant resten av tungvektarane på hovudindeksen fall Yara med 0, 8 prosent, Telenor med 0,6 og DNB med 0,5 prosent.

Prisen for eit fat nordsjøolje fall vidare fredag, men henta seg litt inn på slutten. Likevel gjekk prisen ned med 0,94 prosent for dagen, og eit fat vart omsett for 55,64 dollar ved børsslutt.

Også i Europa var det ein raud dag for dei viktigaste indeksane. Dax 30 i Frankfurt og FTSE 100 i London fall begge med 0,3 prosent, medan CAC 40 i Paris fall med 0,7 prosent.

(©NPK)