Nye smittetilfelle på sjukeheim i Bærum – 23 stadfesta smitta

Ytterlegare to bebuarar på Stabæktunet bu- og behandlingsheim er stadfesta smitta av koronaviruset. Dermed er i alt 23 stadfesta smitta.
innenriks

Av dei 23 smitta, er 17 bebuarar og seks tilsette, skriv Budstikka.

Bærum kommune opplyser til avisa at fem av dei smitta bebuarane er flytta frå sjukeheimen til koronaeininga til kommunen på Dønski.

Smitteutbrotet vart kjent torsdag då elleve bebuarar vart stadfesta smitta på eitt døgn.

– Vi opplever ikkje at smitten er ute av kontroll, nettopp fordi vi testar bebuarane jamleg og dermed oppdagar fleire tilfelle. Fleire av dei som har testa positivt no var ikkje positive ved førre testing, så dei blir tidleg oppdaga, sa smittevernoverlege Bjørg Dysthe i Bærum kommune til avisa torsdag.

(©NPK)