Til saman er over 220.000 avtalar om konsultasjonar, behandlingar og operasjonar i helseføretaka vorte utsette, viser tal frå Norsk pasientregister og Helsedirektoratet, ifølgje NRK. Same pasient kan vere rekna med fleire gonger, dersom dei har hatt fleire avtalar.
– Talet kan verke veldig stort, men det blir gjennomført ekstremt mange konsultasjonar i helsetenesta gjennom eitt år, så prosentvis er det ikkje den store endringa, seier helseminister Bent Høie (H).
Han meiner sjukehusa er godt i gang med å ta igjen etterslepet.
Pasient- og brukarombod Mette Elisabeth Eriksen i Finnmark oppmodar pasientar om å ta kontakt med fastlegen eller sjukehuset og purre dersom plaga dei har fått time for, blir verre.
Trass i dei mange utsetjingane, har pasientomboda knapt motteke klager.
– Folk har vist enorm forståing for situasjonen, seier Eriksen til NRK.
(©NPK)