Fire har kjende nærkontaktar, éin er smitta i utlandet og éin har førebels ukjend smittekjelde, opplyser Trondheim kommune i ei pressemelding fredag.
Av dei smitta er eit barn under ti år, og tre personar er i 20-åra. I tillegg er éin person i 40-åra og éin person i 50-åra. Alle har milde symptom.
I alt vart 698 personar testa torsdag.
Seks nye smitta er éin under snittet den siste veka og åtte færre enn snittet dei siste fjorten dagane.
(©NPK)