Volkswagen Golf var fjorårets mest selde bil

Volkswagen Golf tronar øvst på salsstatistikken for nye og brukte bilar i Noreg i fjor. Modellen vart seld 18.927 gonger.
innenriks

– Den mest selde nybilen i 2020 vart Audi e-tron. Men når ein ser på omsetninga for nye og brukte bilar samla, vart det selt meir enn dobbelt så mange Volkswagen Golf, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF.

Bak Golfen følgde Nissan Leaf (14.744), BMW 3-serie (13.709), Volkswagen Passat (13.650), Toyota RAV4 (12.836), Toyota Yaris (12.637), Volkswagen e-golf (12.312), Audi e-tron (11.158), Audi A4 (10.757) og BMW 5-serie (10.725).

– Bruktmarknaden var rekordhøg i fjor med 520.000 bruktbilkjøp. Fire av fem bilar som blir selde i Noreg er ein bruktbil, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF.

Bilane som oftast vart registrerte i fjor, var Audi e-tron (9.227), Tesla Model 3 (7.770), Volkswagen ID. 3 (7.754), Nissan Leaf (5.221) og Volkswagen Golf (5.221). 20.574 nye personbilar, og 13.718 nullutsleppsbilar, vart registrert.

(©NPK)