Gjenopning av polet vekkjer reaksjonar

Folk som jobbar med barn og rus, reagerer på at styresmaktene har gjenopna Vinmonopol-butikkane i kommunar ramma av mutantutbrot.
innenriks

– Som representant på vegner av barn med foreldre med rusproblem blir eg ordentleg forbanna over måten regjeringa vel å gjere dette på, seier generalsekretær Marius Sjømæling i organisasjonen Barn av rusmisbrukarar til VG.

Utbrotet av den muterte virusvarianten i Nordre Follo førte laurdag til strenge nedstengingar i ti kommunar i Oslo-regionen. Søndag vart det innført tiltak i ytterlegare 15 kommunar i randsona.

Samtidig valde regjeringa å følgje Helsedirektoratets råd om å gjenopne Vinmonopolbutikkane i dei ramma kommunane, for å hindre at folk kryssar kommunegrenser for å gå på polet andre stader.

Med dette seier regjeringa at Vinmonopolet er viktigare enn skule og fritidsaktivitetar, meiner Sjømæling.

Også generalsekretær Randi Hagen Eriksrud i alkovettorganisasjonen Av-og-til stussar over avgjerda.

– Vi ser det kan vere helsefaglege grunnar for å opne Vinmonopolene igjen, men det sender eit trist og uheldig signal til barn og unge som har vorte svært hardt ramma av pandemien og som igjen opplever store innskrenkingar, seier Eriksrud til VG.

(©NPK)