E6-bygginga i Trøndelag ramma av innreiserestriksjonar

Det går ikkje strakaste vegen for utbygginga av E6 i Trøndelag. Prosjektet blir ramma av svenske arbeidarar ikkje får kryssa grensa.
innenriks

– Noreg har stengt grensene, og her på dette E6-prosjektet har vi ganske mange svenskar i arbeid i administrasjonen og ute i anlegget. Når svenskane ikkje kan krysse grensa, slit vi med å bemanne for oppgåvene, seier prosjektleiar Petter Klungsøyr Angelsen i Nye veier til Trønderbladet.

25–30 svenskar involverte i prosjektet blir ramma av restriksjonane.

– Viss grensene ikkje blir opna, ser vi konsekvensen for framdrifta frå neste veke. Om det blir forseinkingar frå neste veke og utover, kan det få konsekvensar for opning av ny E6, fortel Angelsen.

Nye veier har planlagt å opne strekninga mellom Skjerdingstad og Kvål i november og deretter heile E6-prosjektet hausten 2022.

(©NPK)