Foodora startar heimlevering av daglegvarer

Foodora skal framover òg selje og levere daglegvarer på døra.
innenriks

– Vi veit at daglegvaremarknaden er grisetøft, men det er ein marknad som treng meir konkurranse. Det er sikkert mange som vil seie at dette aldri vil gå, men vi trur det er ei moglegheit her, seier Fodooras fungerande noregssjef Carl August Randers til E24.

Selskapet har allereie opna eitt lager i Oslo. Det blir planlagt ytterlegare eitt lager i hovudstaden og to lager andre stadar i landet.

(©NPK)