Koronautbrot ved vidaregåande skule i Stavanger

Det er påvist minst elleve koronatilfelle i samband med eit smitteutbrot ved St. Svithun vidaregåande skule i Stavanger, melder Aftenbladet.
innenriks

– Dei smitta er fleire elevar på same trinn og familiane deira, seier smittevernoverlege Runar Johannessen i Stavanger til avisa.

Minst fire elevar er blant dei smitta. Virusprøvene til dei smitta blir analyserte for muterte virusvariantar. Førebels er det tre prøver som er ferdiganalysert. Alle tre var negative.

Det er førebels ikkje kjent kvar smitten kjem frå, men fleire av dei smitta har vore på trening, og aktuelle idrettslag vil bli kontakta, opplyser smittevernoverlegen.

(©NPK)