Baneheia-mødrene ønskjer ny rettssak

Mødrene til jentene som vart drepne i Baneheia i 2000, meiner at ei lauslating av Viggo Kristiansen vil vere det verste som kan skje.
innenriks

Klara Sløgedal og Ada Sofie Austegard seier til NRK at dei håpar på ny rettssak etter at Kristiansen fekk saka teken opp att. Alternativet er at påtalemakta ber retten kunngjere ein frifinnande dom utan at det blir halde hovudforhandling.

Kristiansen er dømt til forvaring i 21 år for å ha vore hovudmannen bak valdtektene og drapa på Stine Sofie Sørstrønen (8) og Lena Sløgedal Paulsen (10) i Baneheia i Kristiansand 19. mai 2000. Han har heile vegen nekta straffskuld.

Jan Helge Andersen vart dømd til 19 års fengsel. Han har sona ferdig.

(©NPK)