Røde Kors: Noreg må forplikte seg til å dele vaksinar

Det er på tide at Noreg konkretiserer når og kor mange av våre eigne vaksinar som skal fordelast til fattige land gjennom Covax-samarbeidet, meiner Røde Kors.
innenriks

Tidlegare denne veka tok Frankrike til orde for at EU og USA skal dele fem prosent av alle vaksinane dei har tilgang til. Noreg har så langt ikkje vore villige til å forplikte seg til å dele nokon av våre eigne vaksinar med fattige land, opplyser Røde Kors i ei pressemelding.

– Viss Noreg skal vere eit føregangsland på dette området, må regjeringa gå i spissen og følgje opp det franske initiativet med konkrete forpliktingar, seier Bernt G. Apeland, generalsekretær for Røde Kors i Noreg.

Covax har tidlegare sagt at dei vil levere to milliardar vaksinedosar globalt i 92 låg- og mellominntektsland innan utgangen av 2021.

Det første flyet med vaksinar i Covax-samarbeidet landa onsdag morgon i Ghana med 600.000 dosar. Seinare denne veka skal fleire land få vaksinesendingar gjennom det internasjonale vaksinesamarbeidet som Noreg støttar økonomisk.

Noreg har innteke ei leiarrolle i det internasjonale vaksinesamarbeidet, og Røde Kors meiner ein må leie ved døme. Apeland meiner Noreg må matche det franske forslaget.

– Akkurat no er det mykje fagre ord, men det står att konkrete forpliktingar og vilje til faktisk å dele vaksinar for å auke tilgangen for dei mest sårbare befolkningsgruppene i verda, seier Apeland.

(©NPK)