DSB vil heve aldersgrensa for kjøp av stjerneskot

Frå 2022 må du vere 16 år for å få kjøpt stjerneskot. I dag er aldersgrensa 12 år. Det er blant forslaga til endring i regelverket for fyrverkeri frå DSB.
innenriks

Blant endringane som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) foreslår, er å heve aldersgrensa for kjøp og bruk av fyrverkeri i kategori F1 (små stjerneskot og andre små fyrverkeriartiklar) frå 12 til 16 år.

I tillegg vil direktoratet innføre krav til bruk av vernebriller og kor skikka ein er ved avfyring av fyrverkeri.

DSB ønskjer òg avgrense talet på dagar fyrverkeri kan seljast i romjula frå fem i dag til tre dagar, berre i perioden 29.–31. desember.

Høyringsfristen er 20. juni 2021, og det blir foreslått at den nye forskrifta trer i kraft 1. januar 2022.

(©NPK)