Få innsette, men høg sjølvmordsrate i norske fengsel

Norden har færre folk i fengsel enn dei fleste europeiske land, men Noreg har ein av dei høgaste sjølvmordsratane blant innsette, ifølgje Europarådet.
innenriks

Med 59 innsette per 100.000 innbyggjarar ligg Noreg nesten nedst på oversikta over kor mange som sit inne. Island og Finland har færrast, med høvesvis 45 og 50 innsette per 100.000. Også Danmark og Sverige hamnar i kategorien «svært låg» fengselspopulasjon.

For Europa er gjennomsnittet 103 innsette per 100.000 innbyggjarar. Talet gjekk ned i 2020 og held fram ein nedgåande trend som har vart sidan 2013, skriv Europarådet i ei pressemelding.

Danmark er det einaste nordiske landet som har fleire innsette enn fengsla er bygd for, med 103 innsette per 100 plassar. For Noreg er talet 87.

Fleire sjølvmord

Den årlege rapporten frå Europarådet ser på forholda i 48 av dei 52 fengselssystema i dei 47 medlemslanda til rådet. Tala i den nyaste rapporten er frå januar i fjor.

Eit område der Noreg skil seg negativt ut er på sjølvmordsstatistikken, med 19 sjølvmord per 100.000 innsette. Malta toppar den dystre statistikken med ein rate på 25, følgt av Armenia med 23 og Danmark med 22.

Gjennomsnittet i Europa er 5 sjølvmord per 100.000 innsette.

Mange utlendingar og eldre

Det sit nesten dobbelt så mange utlendingar i norske fengsel som elles i Europa. Delen innsette med utanlandsk statsborgarskap er 29,2 prosent. Igjen er vi omtrent likt med Danmark, som ligg på 30,1 prosent. Luxembourg har flest utlendingar i fengsla sine med 73,9 prosent. Også i Sveits, Hellas, Austerrike og Malta er over halvparten av dei innsette utanlandske borgarane.

Med 19,5 prosent innsette over 50 år ligg vi eit stykke over snittet på 15 prosent, og Noreg er eitt av landa med flest innsette som er eldre enn 65 år. 3,5 prosent gir oss ein delt fjerdeplass med Litauen og Portugal, bak Albania (4,2 prosent), Italia (4,1) og England og Wales (3,7).

(©NPK)