Høgaste talet på brunbjørnar i Noreg på ti år

Ikkje sidan 2011 har det vore påvist fleire brunbjørnar her i landet enn i fjor. Og talet på hobjørnar er det høgaste sidan 2009.
innenriks

Talet på påviste hobjørnar auka med åtte individ, medan det vart påvist seks færre hannbjørnar samanlikna med i 2019, ifølgje ein rapport som NIBIO Svanhovd har laga på oppdrag frå Rovdata.

– Det vart i DNA-prøvene frå i fjor til saman påvist 150 ulike brunbjørnar i Noreg, og 65 var hobjørnar og 85 var hannbjørnar. Dette er ein auke på to individ samanlikna med året før og er det høgaste talet brunbjørnar som er påviste i Noreg sidan 2011, fortel leiar Jonas Kindberg i Rovdata.

Til saman vart det i fjor samla inn og DNA-analysert 1.351 prøver som vart anteke å vere frå brunbjørn. 708 av dei resulterte i ein godkjend DNA-profil.

(©NPK)