Klimakrangel om søppelavgift

Stortingsfleirtalet meiner avfallsbransjen må sleppe CO2-avgift. No slår klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) alarm om forslaget.
innenriks

Ei CO2-avgift som blir meir enn tredobla til 2.000 kroner per tonn innan 2030.

Det er sjølve kjernen i klimaplanen til regjeringa, som torsdag skal opp til behandling i plenum i Stortinget.

Klimameldinga ligg an til å bli vedlagd protokollen utan vesentlege endringar. Men på nokre få punkt får regjeringa fleirtalet mot seg. Og eitt av desse punkta er eit forslag om å la avfallsbransjen sleppe CO2-avgift.

I staden går opposisjonspartia inn for at «avgifta på avfallsforbrenning må flyttast tidlegare i verdikjeda». Forslaget blir støtta av Ap, Frp, Sp og SV.

MDG var òg med i semja opphavleg, men har no endra standpunkt.

Rotevatn reagerer

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) reagerer kraftig. Han meiner eit unntak kan true den norske satsinga på karbonfangst og -lagring, såkalla CCS.

– Vi har mange anlegg som no ønskjer å investere i karbonfangst. Korleis skal det lønne seg om det er gratis å forureine? spør Rotevatn.

CO2-fangst er dyr teknologi, påpeikar han.

– Dersom det skal koste kroner null å sleppe ut klimagassar, blir det vanskeleg å få grøne investeringar til å lønne seg, seier Rotevatn, som også påpeikar at avfallsforbrenningsanlegga har store utslepp.

– Klemetsrud i Oslo slepper åleine ut CO2 tilsvarande 200.000 bilar. Å frita desse frå CO2-avgift er både urettferdig mot annan industri og lite effektiv politikk.

Vil hindre eksport

Opposisjonspartia grunngir forslaget med at auka CO2-avgift på avfallsforbrenning kan føre til at ein større del av avfallet blir eksportert til andre land for å bli brent der i staden.

– Eg er veldig glad for at forslaget frå Framstegspartiet om å la avfallsbransjen sleppe CO2-avgift no får fleirtal. Ei særnorsk avgift på avfallsforbrenning vil føre til meir eksport av avfallet og vil berre flytte norske utslepp, seier Frps Terje Halleland.

– Avfallsbransjen har sjølv åtvara mot denne avgifta, noko regjeringa ikkje har lytta til. Det er ikkje fornuftig miljø- eller klimapolitikk at vi eksporterer vekk avfallshandteringa vår, seier Senterpartiets Sandra Borch.

Arbeidarpartiets Espen Barth Eide understrekar at det ikkje er snakk om å fjerne CO2-avgifta på avfall fullstendig. Spørsmålet er berre kven som skal betale ho.

– Det skal vere ei avgift på avfall. Men vi vil leggje avgifta ein annan stad.

Vil redusere søppelmengda

Med ei avgift «tidlegare i verdikjeda» siktar opposisjonspartia til produksjon og sal. Ei slik avgift er ifølgje opposisjonspartia meinte å stimulere til reduksjon i mengda avfall.

– Det viktigaste med dette er å redusere den totale søppelmengda. Då må vi leggje avgifta på til dømes produsentane eller dei som sel fossil plast, seier SVs Lars Haltbrekken.

– Då blir fossil plast dyrare, og bruken går ned, seier han.

Eide avviser argumentasjonen til Rotevatn om at eit slikt unntak vil vere urettferdig overfor andre industriar. Han meiner avfallshandtering bør sjåast på som ei samfunnsteneste.

– Vi meiner dei reelle forureinarane er dei som skaper avfallet.

Tvil om lønnsemd

Avfallsforbrenning har tidlegare ikkje vore underlagt CO2-avgift i Noreg. Avgifta vart innført i statsbudsjettet for 2021 med ein avgiftssats på 149 kroner per tonn.

I klimaplanen til regjeringa blir det konkludert med at ein CO2-pris på 2.000 kroner per tonn vil bidra til å gjere karbonfangst ved avfallsforbrenningsanlegg meir attraktivt økonomisk, men at ei slik avgift åleine truleg ikkje vil vere tilstrekkeleg til å gjere karbonfangst lønnsamt.

(©NPK)