Legemiddelverket: Ingen nye meldingar om blodpropp-tilfelle i Noreg

Per tysdag var det ikkje komme inn nye meldingar om sjeldne tilfelle av blodpropp hos folk som har fått AstraZeneca-vaksinen i Noreg, ifølgje Legemiddelverket.
innenriks

Samtidig opplyser dei at dei så langt i pandemien har fått 10.483 meldingar om mistenkte biverknader etter koronavaksinasjon i Noreg.

Av desse er 5.635 meldingar behandla, og 648 er klassifiserte som alvorlege.

Meldingane omfattar alle koronavaksinane, men dei gir ikkje grunnlag for å endre nokon av dei gjeldande tilrådingane for dei andre vaksinane.

Biverknader etter vaksinasjon er heilt normalt, og det er veldig sjeldan at dei blir alvorlege. Men dersom ein får mistanke om alvorlege biverknader, blir ein oppmoda til å ta kontakt med lege eller helsepersonell.

AstraZeneca-vaksinen er sett på vent i Noreg i samband med undersøkingar av sjeldne tilfelle av alvorlege biverknader hos folk som har fått vaksinen.

(©NPK)