Slep av nederlandsk lasteskip går etter planen

Slepet av det nederlandske lasteskipet Eemslift Hendrika går torsdag morgon som planlagt.
innenriks

Torsdag morgon ligg skipet rundt 8 nautiske mil vest for Runde. Det svarer til om lag 15 kilometer.

Klokka 5.20 fortel operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Bergens Tidende at alt går som planlagt.

– Det går veldig sakte, i 2–2,5 knop, så det kjem til å ta tid før dei er framme. Men alt ser veldig greitt ut. Det går rette vegen, og etter planen, seier Algrøy.

Tidlegare på kvelden vart bergingsmannskap fira ned til skipet frå eit redningshelikopter etter med at det vart sett i verk ein statleg aksjon på grunn av frykt for at skipet ville drive på land i løpet av natta. Då havaristen var sikra, var det framleis nokre timar igjen til skipet ville ha treft land.

– Vi hadde nok mellom fire og fem timars drivetid å gå på, seier beredskapsdirektør Hans-Petter Mortensholm i Kystverket.

Eemslift Hendrika sende måndag formiddag ut nødmelding etter at det fekk slagside då lasta forskauv seg, rundt 60 nautiske mil vest av Ålesund i eit kraftig uvêr. I løpet av måndag vart heile mannskapet på tolv personar evakuerte med redningshelikopter frå skipet.

I 23-tida måndag mista skipet motorkraft, og det dreiv mot land i to døgn før det vart sikra.

(©NPK)