Studie: Jakta på muterte virus gir meir presis smittesporing

Smittesporinga blir meir treffsikker som følgje av den avanserte helgenomsekvenseringen, som blir brukt for å avdekkje muterte koronavirus, viser ein ny studie.
innenriks

Studiane er gjort av forskarar på Akershus universitetssjukehus (Ahus) og Oslomet.

Ahus har nytta helgenomsekvensering kombinert med kartlegging av nærkontaktar for å undersøkje mistenkte utbrot ved sjukehuset. Dette gjer smittesporinga meir treffsikker, ifølgje studiane.

– Av fem mistenkte utbrot blant tilsette på Ahus vart to utbrot stadfesta og eitt avkrefta. I tillegg påviste vi eit mogleg nytt utbrot som ikkje hadde vorte oppdaga med tradisjonell smittesporing, seier forskar og bioingeniør Hege Vangstein Aamot ved sjukehuset.

I tillegg kastar studien lys over nøyaktig korleis nye mutasjonar av viruset kan oppstå i det éin person smittar ein annan.

(©NPK)