Johansen meiner det er realistisk med Oslo-gjenopning mot sommaren

Ei omfattande gjenopning av Oslo er truleg først realistisk mot sommaren, meir enn i mai, meiner Oslo-byrådsleiar Raymond Johansen.
innenriks

– Realistisk sett trur eg det er det greiaste signalet å gi. Vi byrjar forsiktig og vil truleg gjere som i den nasjonale gjenopningsplanen; i fasar, seier han i eit intervju med VG.

I helga var mange menneske ute i finvêret i Oslos parkar. Byrådsleiaren seier at det var «for mange som satt for tett», og han er spent på om det fører til ein ny auke i smitten.

Det har vore ein søkkande trend i talet på smitta den siste tida, både i hovudstaden og elles i Noreg. Det er gledeleg, men det er for tidleg å juble, seier Johansen.

– Det er framleis ikkje mogleg å opne butikkar, restaurantar og treningssenter før vi er sikre på at det er forsvarleg. Når vi først skal gjenopne, så skal vi ikkje risikere at vi må stengje ned igjen. Då er det betre å vente.

(©NPK)