Solberg: Må sjå nærare på regelverket etter Bergen Engines-saka

Statsminister Erna Solberg seier eit sal av Bergen Engines ville ha styrkt militæret i Russland. Regjeringa må sjå nærare på regelverket, seier ho.
innenriks

Forsøket på oppkjøp av Bergen Engines frå russiskeigde THM International representerte ein klar tryggingsrisiko, sa Solberg under ei høyring i Stortinget måndag kveld.

– Eit oppkjøp ville gitt TMH tilgang til motorar og teknologi som ville ha styrkt militæret i Russland. Det ville vore i strid med norske og alliertes tryggingsmessige interesser, sa Solberg.

Ho sa vidare at saka har gitt regjeringa læringspunkt, og ho uttalte at regjeringa må sjå nærare på lova for moglege endringar.

– Tryggingslova er ei ny og moderne lov. Likevel må vi løpande vurdere om lova bør forbetrast, sa Solberg.

(©NPK)