Rundt 400 meldingar om mistenkte vaksinebiverknader den siste veka

Legemiddelverket har fått totalt 11.422 meldingar om mistenkte biverknader etter koronavaksine. Det er 408 fleire meldingar enn det var for ei veke sidan.
innenriks

Totalt blir 789 av dei over 7.000 meldingane som er behandla, rekna som alvorlege, ifølgje Legemiddelverket. Dette talet har auka med 65 den siste veka.

6.319 av tilfella blir så langt rekna som lite alvorlege.

Meldingar om alvorlege hendingar blir behandla først. Derfor gir ikkje tala eit riktig bilete av fordelinga mellom alvorlege og lite alvorlege hendingar, opplyser Legemiddelverket.

Biverknadsmeldingane som har komme, fører ikkje til endra tilrådingar for Pfizer-vaksinen og Moderna-vaksinen.

(©NPK)