To tilfelle av sjeldan blodpropp etter mRNA-vaksinasjon i Noreg

Det er meldt om to tilfelle av blodpropp kombinert med låge blodplater etter vaksinasjon med Pfizer- eller Moderna-vaksine i Noreg, ifølgje Legemiddelverket.
innenriks

– Med dei opplysningane som har komme så langt, er det ikkje grunnlag for å seie at dette er same sjukdomsbilete som det vi har sett etter vaksinasjon med Vaxzevria (AstraZeneca-vaksinen, journ.anm.) Det er bede om tilleggsopplysningar for dei to meldingane for å kunne gjere ei nærare vurdering, seier overlege Sigurd Hortemo i ei pressemelding.

EUs legemiddeltilsyn EMA melde 20. april om at det var oppdaga tilfelle av blodpropp kombinert med få blodplater òg for mRNA-vaksinar, altså Pfizer og Moderna.

Totalt 30 tilfelle i verda

Totalt er det gitt rundt 280 millionar dosar av mRNA-vaksinar på verdsbasis: 200 millionar av Pfizer-vaksinen, og 80 millionar av Moderna-vaksinen.

Det er meldt om 25 tilfelle av sjukdomsbiletet med blodpropp og låge blodplater etter vaksinasjon med Pfizer-vaksinen og fem tilfelle etter vaksinasjon med Moderna, totalt 30 tilfelle på verdsbasis.

To av desse er altså frå Noreg, men det er ikkje kjent om det gjeld Moderna- eller Pfizer-vaksinen. I forhold til talet på dosar som er gitt, er dette veldig låge tal, opplyser Hortemo.

Førekomst av blodproppar aukar med alderen, og låge blodplatetal kan sjåast ved mange kroniske sjukdommar. Men at dei oppstår i kombinasjon, er sjeldan, ifølgje Legemiddelverket.

Kraftig immunrespons

I midten av mars vart vaksinasjonen med AstraZeneca-vaksinen mellombels stansa etter at det vart oppdaga alvorleg sjukdom, blodpropp kombinert med låge blodplater, blant eit fåtal av vaksinerte i Noreg. Den leiande teorien er at det er ein kraftig immunrespons som følgje av vaksinasjon.

Førre veke vart det òg klart at vaksinasjonen med Janssen-vaksinen, som til liks med AstraZeneca er ein virusvektorvaksine, vart mellombels stansa i USA og ei rekkje EU-land. I Noreg er innføringa av Janssen-vaksinen utsett.

(©NPK)