Equinor-ansvaret kan bli flytta til Næringsdepartementet

Stortinget ber regjeringa vurdere å flytte eigarskapsstyringa av Equinor frå Oljedepartementet til Næringsdepartementet for å unngå rollekonfliktar.
innenriks

Forslaget kjem etter at kontroll- og konstitusjonskomiteen har sett nærare på kva som skjedde då Barentshavet søraust vart opna for oljeleiting i 2013, skriv NRK.

Olje- og energidepartementet (OED) skal ifølgje kanalen ha visst at oljeleitinga kunne bli eit tapsprosjekt. Men utrekningar som viste dette, nådde aldri dei folkevalde som skulle vurdere opninga av havområdet. Fleire fagøkonomar i Oljedirektoratet reagerte på måten departementet handterte saka.

Dagens Næringsliv skriv at alle partia ber regjeringa vurdere å flytte eigarskapsstyringa av Equinor over til Nærings- og fiskeridepartementet.

Partia peikar på at det kan oppstå rollekonfliktar når OED både opptrer som eigar av Equinor samtidig som departementet har ansvar for å regulere olje- og energibransjen.

– I denne saka og i andre saker rundt Equinor har vi sett dilemma med at OED er regulator og eigar. Då er det rett å be om ei vurdering av om eigarskapen bør flyttast. Når ein einstemmig komité stiller seg bak dette, er det eit alvor bak, sjølv om det ikkje er ein endeleg konklusjon om korleis det kan skje, seier Dag Terje Andersen (Ap), leiar av kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

(©NPK)