Gullfunn gav 200.000 kroner i finnarlønn frå Riksantikvaren

Riksantikvaren gir 200.000 kroner i finnarlønn etter eit gullfunn gjort med metalldetektor i Skaun kommune i Trøndelag.
innenriks

Det var i 2016 at ein metalldetektor i Skaun gjorde utslag på eit funn som verkeleg gir avkasting.

Då vart det funne ein hamra, spiralforma ring med fleire ringar hekta på desse. Vekta var til saman 392,2 gram, og funnet kan daterast til jernalderen, opplyser Riksantikvaren.

Dette er eitt av dei største gullfunna som er gjort av ein privatperson i moderne tid. No utbetaler Riksantikvaren ei finnarlønn på 200.000 kroner, noko som er den høgaste finnarlønna Riksantikvaren har betalt til ein privatperson i nyare tid.

Gjennomsnittssummen for utbetalingane frå Riksantikvaren er på 1.500 kroner.

– Dette er eit eksepsjonelt funn. Sjølv om betalingsgull frå jernalderen ikkje kan reknast som sjeldan, er funnet likevel oppsiktsvekkjande på grunn av storleiken, seier seniorrådgivar Lars Reinholt Aas hos Riksantikvaren,.

Funnet blir likt delt mellom finnar og grunneigar, opplyser Riksantikvaren.

(©NPK)