Nel-fall på negativ børsdag i Oslo

Aksjen til hydrogenselskapet Nel fall 15,8 prosent på Oslo Børs etter framlegginga av kvartalsresultatet. Hovudindeksen fall 0,8 prosent til 1.077,01 poeng.
innenriks

Nel hadde eit underskot før skatt på 580 millionar kroner i det første kvartalet i år, mot berre 5 millionar kroner i minus i same kvartalet i fjor. Den siste månaden har aksjen falle 20 prosent, medan han har auka nesten 55 prosent det siste året.

Nel var den mest omsette aksjen tysdag, så følgde Equinor, som steig 0,6 prosent. Også DNB (+0,8), Mowi (+3,7) og Golden Ocean Group (+1,1) hadde oppgang, medan Telenor (-1,9), Nordic Semiconductor (-3,4), Scatec (-6,1) og Norsk Hydro (-0,9) var blant dei som trekte den motsette vegen.

Finansvinnar

Den store vinnaren var Norwegian Finance Holding, morselskapet til Bank Norwegian, som fekk auka aksjeverdien sin med 9,7 prosent. Ifølgje Finansavisen har Nordax heva bodet sitt på selskapet med 10 kroner per aksje. Aksjen vart ved stengjetid omsett for 98,50 kroner.

Også elles i Europa var det nedgang som dominerte. I Frankfurt hadde Dax 30-indeksen ved 17.30-tida falle så mykje som 2,5 prosent. Like ille stod det ikkje til i London og Paris, der hovudindeksane fall med høvesvis 0,7 og 0,9 prosent.

Kraftig ned i USA

Etter eit par timars handel i USA tysdag hadde den teknologitunge Nasdaq-indeksen falle 2,5 prosent. Den breitt samansette S&P 500-indeksen fall 1,2 prosent, medan Dow Jones-indeksen svekte seg 0,7 prosent.

Nordsjøolje vart tysdag ettermiddag omsett for 68,73 dollar fatet, ein oppgang på 1,8 prosent.

(©NPK)