Ni nye registrerte smittetilfelle i Drammen

Ni personar i Drammen har fått påvist koronasmitte det siste døgnet. Sju av dei er nærkontaktar av tidlegare påviste tilfelle.
innenriks

Éin har fått påvist smitte etter reise til utlandet, medan smittesporinga framleis ikkje er avslutta for den siste personen, skriv Drammen kommune på nettsidene sine.

For første gong sidan den tredje smittebølgja trefte Drammen kommune for snart to månader sidan, har dei tre dagar på rad med færre enn ti nye smittetilfelle.

Søndag var det åtte nye smittetilfelle, måndag åtte smitta og tysdag var ni personar stadfesta smitta.

– Det er veldig gledeleg med tre dagar på rad med færre enn ti nye smittetilfelle, og forhåpentleg òg eit signal om at smittetrykket er ytterlegare redusert, seier kommuneoverlege Ingeborg Johannessen til nettsida til kommunen.

Sidan byrjinga av mars 2020 har 4.036 personar busette i Drammen kommune fått påvist koronasmitte. 48 personar har gått bort etter å ha fått påvist smitte.

(©NPK)