Personkontrollen held fram på grensa

Regjeringa fører vidare personkontrollen på den indre grensa for å avgrense spreiinga av covid-19.
innenriks

Personkontrollen på den indre grensa har så langt ført til mykje mindre trafikk over grensene, særleg mot Sverige. Onsdag opplyser regjeringa at dei fører vidare tiltaket.

– Sidan smittenivået i Noreg og i Europa er høgt, har regjeringa vedteke å føre vidare kontrollen på den indre grensa som vart innført i mars 2020. Vi vurderer kontinuerleg behovet for denne kontrollen, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

I kontrollen blir det undersøkt om reisande har tilgang til landet, og om dei må gjennomføre karantene på hotell.

– Vilkåra for innreise kan endrast raskt. Dei som reiser, må derfor halde seg oppdatert på kva reglar som gjeld for grensepassering. Sjølv om fleire blir vaksinerte og utviklinga gjer at vi kan opne opp meir og meir, må vi likevel vere førebudde på at kontrollen på grensene kan bli ført vidare ei god stund framover, seier Mæland.


(©NPK)