Undersøking: Vi drikk mindre under pandemien

Éin av fire nordmenn drikk mindre alkohol enn før pandemien, ifølgje Norsk koronamonitor. Men dei som har eit auka alkoholforbruk, drikk merkbart meir.
innenriks

Ifølgje undersøkinga Norsk koronamonitor frå Opinion oppgav 9 prosent av befolkninga at dei har eit høgare alkoholkonsum enn før pandemien.

25 prosent har eit lågare konsum, medan 65 prosent seier at konsumet er uendra.

– Gjennom heile pandemien er det fleire som har redusert enn auka alkoholbruk, men det er spesielt i år at forskjellane er ekstra tydelege, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Fleirtalet blant dei som oppgir at alkoholkonsumet er endra i pandemien, vurderer endringane som små. Likevel seier meir enn dobbelt så mange av dei som har eit høgare alkoholkonsum, at endringa er stor (35 prosent), samanlikna med dei med lågare konsum (15 prosent).

Ifølgje undersøkinga er det dei under 30 som over tid har hatt størst nedgang i konsumet.

(©NPK)