Færre har bestilt sommarferie hos norske reiselivsbedrifter enn vanleg

Bookingnivået hos godt over halvparten av norske reiselivsbedrifter er lågare enn vanleg før sommaren. Virke og NHO Reiseliv trur mange no sit på gjerdet.
innenriks

I ei fersk undersøking frå NHO reiseliv svarer heile 64 prosent av 450 spurde reiselivsbedrifter at bookingnivået for sommarferiemånadane juni, juli og august er lågare enn i eit normalår. 46 prosent av bedriftene oppgir at det er betydeleg færre bestillingar.

Administrerande direktør Kristin Krohn Devold trur det er tre grunnar til det låge bookingnivået: Fråvær av utanlandske gjester, ein død konferansemarknad, og at nordmenn held tilbake med å bestille til dei er heilt sikre på at vi går mot ein ganske normal sommar.

– Nordmenn er generelt litt meir spontane når det gjeld å planleggje ferie i eige land, samanlikna med utanlandske gjester. I tillegg kan det vere at nokon i år ventar til dei veit når dei får første vaksinedose, seier ho til NTB.

Ho legg til at situasjonen er ei påminning til politikarane om at mange reiselivsbedrifter vil trenge koronastøtte ei god stund til.

– Planlegg no

I Oslo, som er fylket som kjem verst ut på NHOs medlemsundersøking, oppgir tre av fire reiselivsbedrifter at dei har langt færre sommarferiebestillingar enn vanleg. I Vestland har sju av ti bedrifter betydeleg færre bestillingar. Desse destinasjonane merkar bortfallet av utanlandske gjester godt.

I Oslo meiner reiselivsdirektøren at ein reiselivs- og utelivsnæring som framleis er delvis nedstengt, er blant årsakene.

Krohn Devold tilrår nordmenn å planleggje Norges-ferien no for å få mest ut av sommaren.

– Vi såg i fjor at ein del av dei populære stadane vart fullbooka, og vi veit at dei fleste nordmenn kjem til å feriere i Noreg dei kommande månadane. Er ein redd for endring i planane, har dei fleste reiselivsbedrifter fleksible avbestillingsordningar, seier ho.

Betre på Sørlandet

På Sørlandet ser det betre ut. Der svarer 23 prosent av bedriftene at dei har fleire bestillingar enn vanleg. I Nordland oppgir 9 prosent at bookingnivået er vesentleg høgare, medan i Vestfold og Telemark oppgir 7 prosent av overnattingsbedriftene eit vesentleg høgare og 17 prosent eit høgare bookingnivå.

Krohn Devold trur det er fordi folk flest bur i byar og ofte søkjar noko anna i ferien.

– Sørlandet, Vestlandet og Nord-Noreg er ynda reisemål for nordmenn, og det slår nok til også i år. Dessutan blir camping stadig meir populært blant folk her til lands, med god grunn.

Mange sit på gjerdet

Også Astrid Bergmål i Virke reiseliv meiner at ferieplanane til nordmenn er prega av at ting er usikkert. Sju av ti seier at ferieplanane deira blir påverka av koronasituasjonen. og dei fleste vil nok bruke første del av sommarferien i år i eige land, spår ho.

– Men jo lenger ut på sommaren vi kjem, jo fleire vil ta den utanlandsturen dei har lengta etter, seier ho til NTB.

Ifølgje Bergmål, som sjølv har bestilt sjartertur i slutten av juni, er det mykje som tyder på at mange sit på gjerdet.

Bookingane hos Virke Reiselivs medlemsbedrifter no i midten av mai er langt lågare enn i normalår, men også bestillingane av utanlandsturar kjem seg litt etter litt utover sommaren og hausten, fortel ho. Folk vil reise. Når beskjeden om at ein igjen kan reise utan krav om karantene når ein kjem heim, trur Bergmål på ein ketsjupeffekt.

– Ifølgje undersøkingane våre er det fleire enn nokon gong som planlegg reiser til utlandet i haustferien om det blir mogleg.

Populært med guide

Når det gjeld sommarferiereiser i Noreg, er beskjeden at det er ein del overnattingsstadar på populære feriestader som byrjar å bli fullbooka i juli. Vil ein unngå kø på dei mest populære feriedestinasjonane i Noreg, så er det eit tips å spreie ferien litt utover både tidsmessig og når det gjeld val av reisemål.

– Stadig fleire ønskjer seg ein aktiv ferie, og vi ser at det blir stadig meir populært å nytte ein guide på turen. Det gir turen ein ekstra dimensjon som kan løfte opplevinga, seier ho.

Virke Reiseliv-sjefen synest heller ikkje folk skal nøle med å bestille ei pakkereise til utlandet. Mange pakkereisebedrifter har gode og trygge løysingar. Er det framleis raudt når du skal reise, vil du få pengane tilbake, fortel Bergmål.





(©NPK)