Politiet aukar beredskapen etter 17. mai-bråk i Fredrikstad

14 personar vart gripne av politiet etter 17. mai-bråk i Fredrikstad. Politiet aukar beredskapen i forkant av langhelga i pinsa.
innenriks

– Vi tek høgd for ei ny langhelg som kjem no. Blir det fint vêr, så er det mange som samlar seg i sentrum. Når det er ei god blanding mellom vaksne og unge, hindrar det slike hendingar, seier politistasjonssjef Ivar Prestbakken til NRK.

Fleire hundre personar samla seg på Stortorvet i Fredrikstad måndag kveld. Situasjonen eskalerte då ein politipatrulje snakka til ein ung person som drakk på gata ved 20.30-tida. Fleire vart arresterte mellom anna for vald mot politiet.

Fleire mellom 18 og 25 år gjekk til angrep på politiet med flasker og brustein. Politiet sette inn store politiressursar på staden, mellom anna politihelikopter.

Tysdag var framleis ti personar i varetekta til politiet i Fredrikstad, og fleire avhøyr står att. Politiet har sagt at det kan komme fleire arrestasjonar i saka.

– Det er overraskande og veldig trist å sjå at dette skjer i Fredrikstad. Eg har reflektert over at vi har levd under ein pandemi i godt over eitt år no, og at det er krevjande tider for mange, så at det kan ha ein forklaringsfaktor, skal ein ikkje sjå bort frå, seier Fredrikstad-ordførar Jon-Ivar Nygård (Ap).

(©NPK)