Ventar 4,5 millionar vaksinedosar i løpet av sommaren

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet avfeiar frykta for vaksinasjon utover hausten og vinteren. Millionar av dosar er venta til Noreg i sommar.
innenriks

Aavitsland skriv i ein e-post til NTB at leveransane frå dei to produsentane, Pfizer og Moderna, no er veldig stabile.

– Vi reknar med å få 4,5 millionar dosar av desse vaksinane i juni, juli og august. Frå veke 22 får vi rundt 340.000 dosar i veka, skriv overlegen.

FHI og kommunane samarbeider no for at alle over 18 kan få den første dosen sin seinast i juni.

11. mai åtvara helse- og velferdsdirektør Helge Garåsen i Trondheim kommune om at dei ikkje fekk nok dosar til å halde oppe forventningane, og han frykta ein langvarig vaksinasjonsprosess.

– Dersom vi ikkje får ein vesentleg auke i vaksinedosar, kan vi risikere at det blir vaksinasjon til over nyttår. Vi har valt å gå ut med nøktern informasjon til innbyggjarane, då vi ikkje kan vere for optimistiske, sa han til Adresseavisen.

Aavitsland avviser Garåsens frykt om vaksinasjon over nyttår.

– Det blir nokon som må få andredose i august og september, men så er vi ferdige.

FHI-toppen seier Trondheim kan vente over 9.000 vaksinedosar i veka frå veke 22. Snart skal FHI sende kommunane leveringsplan for heile sommaren slik at dei kan planleggje betre.

– Eg skjønner at Trondheim kommune er frustrert og utolmodig. Det er vi òg, faktisk 319 gonger så mykje, for vi kjenner på frustrasjonen i kvar einaste kommune.

(©NPK)