Avinor førebur seg på storinnrykk – ventar lange køar

Fredag slepper fullvaksinerte innreisekarantene, og Avinor gjer seg klare for stor trafikk og lange køar på flyplassane.
innenriks

– Vi jobbar kontinuerleg med å leggje til rette for god flyt i dei areala vi har, men med restriksjonane som framleis gjeld for utanlandsreisande, må det forventast at køar vil oppstå, seier lufthamndirektør Stine Ramstad Westby i Avinor i ei pressemelding.

Ho seier det er spesielt ved framkomst utland at grensekontrollen tek vesentleg lenger tid enn normalt, og at dei som skal reise til og frå utlandet, må vere førebudd på ei anna reiseoppleving enn kva dei var vant til før pandemien.

– Enkelte dagar har vi hatt køar på opptil fem–seks timar, og utan større endringar i innreiserestriksjonane frå styresmaktene forventar vi at denne situasjonen held fram og også kan forverrast i tida framover då fleire skal ut og reise, seier Westby vidare.

Det var TV 2 som først omtalte saka.

Fullvaksinerte slepper innreisekarantene

Frå fredag klokka 15 treng ikkje lenger fullvaksinerte og personar som har hatt koronavirus dei siste seks månadene, å vere i innreisekarantene dersom dei har vore i utlandet. Føresetnaden er at dei avlegg ein negativ koronatest ved framkomst Noreg.

Sjølv om Utanriksdepartementet framleis rår mot reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land, forventar altså Avinor at mange nordmenn vil ut av landet.

Avinor trur dei største utfordringane vil vere på Noregs største flyplass Oslo lufthamn, men det kan òg bli utfordringar på andre lufthamner med utanlandstrafikk.

Årsaka er testregimet i tillegg til omfattande grensekontroll, dokumentkontroll, krav til smittevern og andre styresmaktskrav.

For å hindre importsmitte må alle som kjem til Noreg frå utlandet, vise fram dokumentasjon for grensepolitiet. Kontrollane blir i stor grad gjort manuelt.

Ber om tolmod

Alle som skal reise til utlandet, må i dag òg sjekke inn gjennom bemanna skrankar på grunn av kravet styresmaktene har til reisedokumentasjon, ifølgje Avinor.

– Eg vil oppmode alle som skal reise, om å ha tolmod og ta omsyn til medpassasjerar og tilsette på lufthamna, seier Westby.

– Vi ser fram til at dei reisande kjem tilbake til flyplassane våre, men vi veit at situasjonen blir utfordrande fram til nokre av restriksjonane eventuelt blir endra, eller at kontrollane kan automatiserast. Passasjerane må vere førebudde på køar og ventetider, og vi klargjer no mellombelse areal for å leggje til rette for dette, forklarar ho.

Avinor opplyser at dei samarbeider tett med styresmaktene for å sjå på grep som kan auke kapasiteten i takt med at trafikken kjem tilbake.

Dei presiserer òg at situasjonen er meir normal for dei som skal reise innanlands i Noreg, men at også desse må bidra til å sikre godt smittevern.

(©NPK)