2.921 innsette i norske fengsel i mai/juni

Det var 2.921 innsette i norske fengsel i månadsskiftet mai/juni. Soningskøen held fram med å auke. I starten av juni var belegget i fengsla på 78 prosent.
innenriks

132 av dei innsette var kvinner, som utgjer 4,5 prosent, viser månadlege tal frå Kriminalomsorgen.

Blant dei forvaringsdømte var det 143 menn og sju kvinner. Ni av dei innsette er under 18 år og 718 personar var utanlandske statsborgarar.

Soningskøen per 6. juni var på 1.050 dommar, ein auke på 18 dommar sidan perioden før.

Per 31. mai sat 72 personar i isolasjon. For 32 av desse var årsaka smittevernomsyn. I mai 2021 vart det totalt sett i verk 546 tilfelle av isolasjon. Blant desse var personen delvis isolert i 120 tilfelle og heilt isolert i 426 tilfelle.

(©NPK)