Blå Kors trur pandemien kan ha forverra situasjonen for dei alkoholavhengige

I fjor vart det registrert 386 alkoholutløyste dødsfall i Noreg. Blå Kors trur koronapandemien kan ha forverra situasjonen for dei alkoholavhengige.
innenriks

386 alkoholutløyste dødsfall er ein auke på 77 dødsfall frå 2019, viser tal frå Folkehelseinstituttets (FHI) dødsårsakregister.

Divisjonsdirektør i Blå Kors, Kjetil Haga seier til P4 at han trur koronapandemien kan ha forverra situasjonen for dei alkoholavhengige.

– Vi fryktar jo det, og det kan sjå slik ut, at dei som hadde for høgt alkoholkonsum og avhengnad frå før har fått auka problem gjennom året, seier han.

Dei fleste, 181 personar, døydde av alkoholforgifting, altså alkoholisk leversjukdom, medan 139 personar døydde av psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar som følgje av alkohol.

(©NPK)