Eitt nytt covid-19-tilfelle i Ålesund

Det vart registrert eitt nytt smittetilfelle i Ålesund kommune det siste døgnet.
innenriks

Den smitta har vore i karantene og det er ingen nye nærkontaktar, opplyser kommunen.

Eitt nytt smittetilfelle er det same som dagen før, medan det 9. juni ikkje var registrert nokon smitta i kommunen.

Torsdag sa kommuneoverlege Victoria Natvik at situasjonen i kommunen var stabil, men at ho oppmodar innbyggjarane til å følgje nasjonale råd om smitteverntiltak, og bli heime ved luftvegssymptom.

(©NPK)