Regjeringa vil vite kor mykje nordmenn handlar i utlandet

Ein femårig avtale mellom Nærings- og fiskeridepartementet og SSB skal sørgje for ein ny og forbetra grensehandelsstatistikk.
innenriks

Statistikken skal erstatte dagens grensehandelsundersøking som Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer kvartalsvis.

Den nye statistikken baserer seg på ny metodikk, melder Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding. Statistikken kan gi meir presise tal for kor mykje og kor ofte nordmenn grensehandlar, og skal brytast ned på varegrupper.

– Utviklinga i netthandel frå utlandet og grensehandel har konsekvensar for verdiskapinga og sysselsetjinga i handelsnæringa og i delar av nærings- og nytingsindustrien. Det er derfor gledeleg at vi får på plass ein ny avtale som inneber at SSB no vil lage ny offisiell statistikk om grensehandel, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

(©NPK)