Seks nye registrerte koronasmitta i Trondheim

Det er registrert seks nye koronasmitta i Trondheim det siste døgnet. Det er dobbelt så mange som dagen før.
innenriks

Tre av dei seks nye smitta er smitta av kjend nærkontakt, medan tre førebels har uavklart smitteveg, opplyser Trondheim kommune.

1.228 personar testa seg i Trondheim torsdag.

Torsdag gjorde formannskapet i kommunen lettar i koronatiltaka. Skjenkestadene i Trondheim kan skjenkje alkohol fram til klokka 22, når det er bestilt bord og når det blir servert mat til drikken.

Også treningssentera kan halde ope, men berre for bebuarane i kommunen og under strenge smittevernreglar. Det same gjeld mellom anna symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og «liknande».

Talet på gjester på samankomstar i private heimar blir samtidig auka frå to til fem.

(©NPK)