Smittehopp i Tønsberg

Etter ein søkkande smittetrend i Tønsberg dei siste to vekene, er det registrert 14 nye smittetilfelle i kommunen det siste døgnet.
innenriks

Inntil talet på fredag vart publisert var det høgaste talet på smitta på ein dag fem denne månaden.

Fredag spratt talet opp til 14 nye registrerte smitta, melder Tønsbergs Blad. Dermed har kommunen 24 nye smittetilfelle denne veka.

I nabokommunen Færder er det registrert ni nye smittetilfelle sist døgn, noko som fører til at det er registrert 15 nye covid-19-tilfelle i kommunen denne veka.

– Pandemien er definitivt ikkje over enno, seier Tønsberg-ordførar Anne Rygh Pedersen.

(©NPK)