Solberg lovar fem knutepunkt for hydrogen innan 2025

Statsminister Erna Solberg varslar at det skal etablerast fem knutepunkt og eitt eller to produksjonsanlegg for hydrogen i Noreg innan 2025.
innenriks

Løftet er ein del av det nye vegkartet til regjeringa for hydrogen, som vart lagt fram fredag.

Regjeringa vil òg etablere fem til ti pilotprosjekt for utvikling av billigare hydrogenløysingar.

Innan 2030 skal det leggjast til rette for eit nettverk av hydrogenknutepunkt og realisering av fullskala hydrogenprosjekt i industrien.

(©NPK)