Stabilt låge smittetal i Drammen

Tre personar i Drammen har fått påvist koronasmitte i det siste døgnet. Smittevegen er kjend for alle tre.
innenriks

Tre nye registrerte smitta er same talet på som dagen før, og tala for Drammen har no halde seg låge ni dagar på rad.

– Forhåpentleg klarer vi å halde smittetala så låge når vi snart går inn i ferietida, slik at vi kan nyte sommaren fullt ut, seier kommuneoverlege John David Johannessen.

Han meiner dei låge smittetala viser at gjenopninga av lokalsamfunnet så langt har gått veldig bra.

(©NPK)