Stansar innleggingar på Hammerfest sjukehus etter smittetilfelle

Hammerfest sjukehus stansar innleggingar på medisinsk sengeeining, etter at ein positiv koronatest er spora tilbake til sjukehuset.
innenriks

Finnmarksjukehuset opplyser fredag at Hammerfest sjukehus stansar innleggingar på medisinsk sengeeining, med unntak av umiddelbar hjelp frå Hammerfest og Måsøy.

Stansen gjeld fram til måndag.

Årsaka er smittesporing etter ein positiv koronatest. Det blir no gjennomført massetesting av tilsette på ramma avdelingar for å få rask oversikt over situasjonen.

– Medisinske ø-hjelp-pasientar frå andre kommunar blir i den aktuelle perioden sendt til Kirkenes, Alta eller Tromsø. For dei andre fagområda tek sjukehuset imot umiddelbar hjelp, som normalt, skriv sjukehuset.

(©NPK)