Svak oppgang på Oslo Børs

Etter fire dagar med nedgang starta fredag med ein svak oppgang på Oslo Børs. Aker Solutions går ned etter at ein av direktørane deira er sikta i Malaysia.
innenriks

Ved 10-tida var hovudindeksen opp 0,07 prosent til 1127,65 poeng.

Blant dei mest omsette er Zalaris (-6,4), Equinor (+0,4), Nordic Semiconductor (-1,7), Nel (-1,2) og Golden Ocean Group (+1,3).

Aker Solutions må tole nedgang etter at det vart kjent at ein direktør i det malaysiske dotterselskapet deira er sikta i Malaysia.

Dotterselskapet har vore under etterforsking i Malaysia sidan i fjor, skulda for å ha presentert falsk informasjon om eigarskapen av selskapet, for å sikre seg lisensar frå det statlege oljeselskapet Petronas.

Aker Solutions stadfestar siktinga til Dagens Næringsliv.

Mannen nektar straffskuld.

Prisen på nordsjøolje har gått opp 0,3 prosent og eitt fat blir dermed omsett for 72,58 amerikanske dollar. Prisen på amerikansk lettolje har gått opp 0,4 prosent til ein pris på 70,35 dollar per fat.

(©NPK)