Ti universitet og høgskular får pengar til å oppgradere bygg

Regjeringa fordeler over 119,1 millionar kroner til oppgradering av universitet og høgskular.
innenriks

Målet er å modernisere undervisnings- og læringsformer, og eit godt miljø for både studentar og tilsette, melder regjeringa i ei pressemelding.

Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet får mest pengar blant dei ti.

– Vi forventar at universiteta og høgskulane bruker endå meir studentaktive undervisningsformer, men då må òg lokala, anten det er auditorium, laboratorium, verkstader eller fellesareal, vere meir fleksible. Desse pengane skal bidra til nettopp dette, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i pressemeldinga.

(©NPK)