FHI: Det er bestilt 1.590 dosar av Janssen-vaksinen

Det er allereie bestilt 1.590 dosar av Janssen-vaksinen, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).
innenriks

Dosane er bestilte av 18 ulike kundar, opplyser FHI til Bergens Tidende.

Dei har fått bestillingar frå kommunalt legekontor, bedriftshelseteneste, reiseklinikk og andre legekontor/legesenter, skriv avisa.

FHI har i overkant av 200.000 dosar av Janssen-vaksinen på lager.

Det er ikkje før tysdag 15. juni at innbyggjarar kan bestille time for å kunne ta Janssen-vaksinen. Likevel har FHI allereie fått bestillingar av vaksinen.

«Vaksineforsyninga har inga rolle i å overprøve bestilling av vaksinepreparat frå legar», opplyser FHI.

Ingen av bestillingane er i Vestland, skriv BT.

(©NPK)