Fjord Line opnar for testing av passasjerar utan dokumenta i orden

Reisande som manglar koronasertifikat, får no moglegheita til å hurtigteste seg før dei skal reise med Fjord Line frå Kristiansand.
innenriks

– Hurtigtestane som trengst på bakgrunn av privat reise, er svært kostbare, og det opplevast for mange vanskeleg å finne ut av kvar dei kan gjennomførast. Derfor har vi valt å opprette ein mellombels teststasjon i tilknyting til terminalen i Kristiansand, seier konsernsjef Brian Thorsted Hansen i Fjord Line.

Tilbodet vil vere på plass frå fredag ettermiddag 16. juli. I tillegg til teststasjonen i Kristiansand, opprettar selskapet eit liknande tilbod i tilknyting til terminalen i Hirtshals.

– Vi forventar at tilbodet vil vere tilgjengeleg tidleg neste veke og er meint for passasjerar som av ulike årsaker ikkje har fått gjennomført test før avreise. Dette blir då også eit tilbod til passasjerane våre som kjem til Danmark frå Bergen, Stavanger og Langesund, seier Hansen.

Fjord Line opplyser at prisen for ein hurtigtest i Kristiansand vil vere 199 kroner.

(©NPK)