Auke i talet på personskadar i Equinor

Equinors tryggingsrapport for andre kvartal viser ei negativ utvikling i talet på personskadar. Selskapet har registrert ein auke i personskadar på 70 prosent.
innenriks

– Vi ser alvorleg på at det går feil veg med talet på personskadar. Ingen skal skade seg på jobb for oss. Vi ser heller ikkje forbetring for alvorlege hendingar. Vi held derfor fram å ha søkjelys på storulykker, samtidig som vi jobbar for å snu utviklinga for personskadar, seier konserndirektør for tryggleik, sikring og berekraft, Jannicke Nilsson i ei pressemelding.

I andre kvartal i år har Equinor registrert ni alvorlege hendingar, mot tolv i andre kvartal i fjor. Det er derimot registrert ein auke i personskadar på 70 prosent, frå 53 i andre kvartal i fjor til 90 i same periode år, skriv Dagens Næringsliv.

– Samtidig må auken i personskadar sjåast i samanheng med at det har vore fleire arbeidstimar i år enn i fjor, seier informasjonsdirektør Sissel Rinde i Equinors presseavdeling til NTB.

Tryggleik, sikring og berekraft vart oppretta som eit nytt funksjonsområde hos selskapet etter ei organisasjonsendring 1. juli. Bakgrunnen er å forsterke tryggingsarbeidet og forhindre skade på menneske, miljøet og samfunna Equinor er ein del av.

– Vi lærer av andre. Å dele tryggingsresultat og erfaringar er ein viktig del av dette arbeidet, det same er tett dialog med styresmakter og tillitsvalde, seier Nilsson.

(©NPK)